Andalucía eller Al-Andalus, som maurerane døypte området på den iberiske halvøya dei styrte frå 711 til 1492, er den sydlegaste regionen i Spania. For tida også kjent som Obamaland etter at Michelle Obama og vesle Sasha ferierte her før dei reiste videre til Mallorca og Martha´s Vineyard. For nordmenn er området vel kanskje mest kjent som Solkysten eller ein stad i “Syden” med lange strender, flamencoshow og billig alkohol. Mange har kanskje høyrt om eller til og med besøkt vidunderlege monument frå den muslimske epoken i Spania som moskéen i Córdoba. Andre har kanskje tatt bilde av kona i den gilde løvepatioen i Alhambra, Granada.

 

Atlas sett frå Europa
Atlas sett frå Europa

 

Det er her sola bur. I dag er det så klart i vêret at eg kan sjå Atlasfjella frå feriealtanen min sør for Málaga. Det får meg til å tenke på maurerane og muslimane i Andalucía (og resten av verda) før og no. Gibraltarstredet er inngangsdøra til Europa frå heile det afrikanske kontinentet. På dagar som denne kan du stå på ei strand i Nord-Afrika og sjå over til Europa, the Promised Land, på same vis som eg ser Atlasfjella no. Kvar dag ser me i nyheitene på fjernsynet at politiet har tatt opp til fleire småbåtar (pateras) med flykningar frå sør for Sahara. I kvar båt er det gravide kvinner, barn, unge og gamle. Alle er dehydrerte då dei blir tekne og sendt attende så snart som mulig. Ingen, særleg ikkje muslimar, skal få komme inn i Festung Europa.

Han kunne gjerne gråte Boabdil, den siste sultanen av Nasrid-dynastiet, då han måtte forlate Granada etter at det katolske kongeparet Isabel og Ferdinand gjenerobra byen i 1492. Legenda fortel at mor hans, den navngjetne Fátima, sa då ho såg tårene hans: “Gråt som ei kvinne for det du ikkje kunne forsvare som mann.”

Dette var mauraren sitt siste sukk*.

*Tittel på Salman Rushdies roman The Moor´s Last Sigh.

Advertisements