Me tek på natta med hendene våre,
let mørket sile gjennom fingrane,
knar det som skinnet til eit svart
får.

Me har gjeve oss hen til likesæla,
til livstrøytta kor me samlar inn tomme timar,
dagar som går og kjem like att,
meiningslause,
utan spor, utan sol og sterke eksplosjonar av lys.

Me har gjeve oss smertefullt hen til einsemda,
men føler trongen etter kjærleik under neglene,
eit hòl som grev seg inn i brystet vårt,
i minnet og suset i eit sneglehus
som har vore for lenge i eit akvarium i ein by
og knapt har att gjenlyden av hav i skjell-labyrinten sin.

Korleis kan me få tida tilbake?

Kan me tvinge på ho kroppen si sterke lyst, på frykta,
og få ho til å trekke seg tilbake
på grunn av vår faste avgjerd?

Men…kven veit om me kan få tilbake augeblikket
me mista.

Ingen kan spå fortida
når me kanskje ikkje lenger er dei me var,
når me kanskje har gløymt
namnet på gata
der
me ein gong
kunne
møtast.

Basert på diktet “Abandonados” av Gioconda Belli (f. 1948), Nicaragua
Gjendikta frå spansk av Bente Teigen Gundersen

Advertisements