Eg føler meg som det spanjolane kallar ei skikkelig maruja for tida.

Her om dagen då eg var ute og handla på daglegvarebutikken Día (Spania sitt svar på Jækla Billig Lavprisbutikken eller kva den no heiter) kom eg til å tenke på mulige omsettingar av termen maruja på norsk: ei tradisjonell husmor, ei typisk spansk husmor, ei sladrekjerring? Ingen forsøk er heilt dekkande for den spanske maruja-figuren. La meg prøve å beskrive karakteren: Har du sett Almodóvar sine filmar, har du sett ho. Den desperate middelaldrande dama med rullar i håret og sneipen i munnvika. Ofte med kjoleforkle og tøfler. Spania sitt Kongelege Språkakademi definerer maruja som «husmor med lågt kulturelt nivå». Javel. Kva aktivitetar bedriv dette kvinnemennesket som er med på å definere ho? Tydelegvis er ho ikkje oppteken av kultur. Verbet «marujear» alluderer derimot til sladring og andre lyssky maruja-aktivitetar. Ei maruja bør altså ha rullar i håret, null interesse for kultur, tøfler og kjoleforkle, samtidig som ho heng ut av vindauget for å skvaldre med nabokjerringane.

Veit ikkje om skildringa over er hundre prosent dekkande for meg (eg er i det minste på Twitter), men eg kjenner meg verkelig som ei skikkelig Maruja likevel her eg kjempar mot andre sjelefrendar i alle aldrar, kølapp og trillebag med utstikkande baguette i hand, om fiskemannen sin gunst.

Advertisements