Maruja er ikkje berre ei halvhysterisk/-feit kvinne med rullar i håret (og chiffonskjerf, ja det stemmer tante Marit!) og stygg morgonkåpe. Det er òg eit kvinnenamn i Spania. Maruja Torres er ein særs oppegåande skribent og samfunnsdebattant. Kvar søndag les eg spalta hennar: “Perdonen que no me levante” i El País. Det siste bidraget hennar  “Hacerse los suecos, jamás” er eit viktig innlegg i integreringsdebatten som pågår over heile dette kriseramma kontinentet. Kanskje kjem eg til å omsette artikkelen til norsk ein av dagane, men som ihuga lingvist med litt over normal interesse for fraseologi MÅ eg berre sjå litt nærmare på uttrykket ho brukar i tittelen før eg klarar å gjere noko anna med livet mitt.

På norsk er det noko som heiter å ta ein spansk ein (ifølgje Norsk Ordbok “bløffe el. foreta seg noe frekt, især for å klare seg ut av en kinkig situasjon”). Spanjolane har på si side uttrykket hacerse el sueco som bokstaveleg omsett tyder “å gjere seg svensk”. I overført tyding er det noko slikt som å late som ein ikkje forstår, ikkje få med seg noko. (Ifølgje  Spania sitt Kongelege Språkakademi kjem det frå det latinske ordet soccus (trestamme). Slik eg forstår uttrykket ligg det òg eit element av at ein heller ikkje er så veldig glup når ein gjer seg svensk. Kulturelle stereotypar (spanjolane er nokon skikkelige luringar og svenskane får ikkje med seg noko som helst) kjem att i språkbruken, og er eit forferdeleg spanande forskingsfelt som eg – heldigvis for deg kanskje – ikkje skal gå inn på her.

Eg har alltid trudd at uttrykket kom frå 60-talet då Spania opna diktaturdørene sine for nord-europeiske turistar. Langs Solkysten og andre kystar blei særleg svenske damer i små bikiniar lagt merke til av fyrrige Latin Lovers eller den iberiske machoen som han heiter lokalt. Eit kjenneteikn på den iberiske mannemannen er at han ofte heiter Manolo, er liten av vekst, har ein voldsomt hårete brystkasse og ikkje er spesielt god i engelsk. Som nordisk og blond kvinne har eg ofte måtte ta stilling til dette svenskekomplekset på forskjellige plan gjennom dei tjue åra eg har vore i kontakt med Spania. Det fins til og med ein eigen filmsjanger om fenomenet. Ein klassikar er Manolo La Nuit (1973) (Manolo (!) kva var det eg sa?). Her er mykje interessant historisk stoff og mykje sjølvironi. Eit blikk på Syden frå Syden sjølv.

Som sagt trudde eg uttrykket “å gjere seg svensk” kom frå den tida svenskane og andre turistar kom til spanske strender, tyrefektararenaen og kikka ned i paellagrytene for første gong og virka litt smådumme siden dei ikkje skjønte bæret av Manolo-engelsken, eller spansken for den saks skuld. Men då eg tok til å forske på saka, fann eg ein artikkel av Fernando Álvarez Montalbán som foreles i spansk ved universitetet i Uppsala. Forfattaren presenterer fleire forskjellige teoriar om opphavet til uttrykket. Dette er lesing for spesielt interesserte, eg ser det.

Poenget mitt er at det er kjekt å ta seg litt tid å tenke på alle dei spanande uttrykka me lirer ut or oss kvar dag. Nokon som veit eller har teoriar om kor det å ta ein spansk ein kjem frå?

Advertisements