Denne bloggen er primært fagleg og handlar om språk, omsetjing og kulturell kommunikasjon. Kulturell kommunikasjon (eller mangel på slikt) er så mangt. I dag er det ein personleg anekdote:

Mi erfaring er at det er heilt umogeleg å kjede seg i Sør-Europa. Hin dagen ringte det på døra og utanfor sto ein relativt ung mann som presenterte seg som knive- og sakseslipar…Eg må sei eg blei ganske paff og mållaus der eg sto. For det første var eg overtyda om at det var eldstesonen sin iPhone som endelig kom i posten. For det andre får eg mange rare og vemmelege bilete i hovudet når eg tenker på omgrepa knive- og sakseslipar.

Men altså: det var Raúl, ein profesjonell kniveslipar som opprinneleg var frå Sevilla. Han kunne fortelle meg at han kom til Madrid for å finne seg jobb for fleire år sida. Det var difor han hadde mista den andalusiske aksenten sin. Alt dette fekk eg vite mens eg berre sto der med eit måpande og til dels tåpeleg uttrykk i andletet.

– Jo, sa eg med open munn. Eg kan slett ikkje høyre at du kjem frå Sevilla.

Raúl lurte på kor eg kom i frå, for han kunne høyre noko framand i aksenten min, og synes det var særs merkeleg at eg reagerte med slik ei vantru då han presenterte seg som kniveslipar.

– Noreg, sa eg. – Oslo? Jøsses, då et du sikkert mykje laks, du. Er du sikker på at du ikkje vil eg skal slipe knivane og saksene dine? Eller neglefilene? Eg sliper neglefiler òg, eg.

– Nei takk. Eg har kjøpt kniveslipar på IKEA, eg.

– Jo, jo, men du kan få mobilnummeret mitt så kan du ringe når du treng meg. Ring meg, ver så snill.

– Greit det. Takk skal du ha. Det var hyggeleg å helse på deg. Kan eg få eit kyss? Jau då, det kan du vel

(Mwak, mwak suste det kring øyro mine. Eit skikkelig smellkyss på kvart kinn)

Og slik går no dagane!

Advertisements