Språkvitskapen utviklar seg i ein rasande fart om tida, og dette gjeld blant anna maskinoversetting. Eg sporer ei viss redsle for yrkesframtida til omsettarane når eg les bloggar og innlegg på diverse nettstader. I dag kan jo kven som helst vere omsettar med litt skuletysk i bakhovudet, ein liten laptop på fanget og eit trådlaust nettverk; for me har jo revolusjonære Google Translator, no også som applikasjon til iPhone, iPad og iPod Touch! The Future is Now.

Det er så mangt ein kan bruke fritida si på. Nokon joggar, andre drikk øl. Andre igjen pussar opp heimen, ser på ski-VM eller reiser på hytta. Språkleik er muligens undervurdert som fritidssyssel, men du verda så kjekt det er!

På eit horehus (bordell, sauna, whiskybar, club -kjært barn har mange namn, særleg på spansk) like ved sida av stamrestauranten vår i middelhavsbyen kor svigerfar har sommarhus fryda eg meg over dette skiltet på spansk, mens eg kosa meg med ein herleg lunsj med frityrsteikt akkar, kvitløksmarinerte kongereker, blekksprut med paprikasaus og eit iskaldt glas kvitvin:

Llamar al timbre (ring på dørklokka). Greit nok det! Men bordellet hadde òg ei engelsktalande målgruppe såg det ut til, og hadde difor omsett skiltet til engelsk: To call stamp (sic!) No veit eg ikkje om eg kan halde Google Translator ansvarleg for denne merkverdige språkkombinasjonen. Det kan òg vere ein språkmektig medarbeidar som står bak omsettinga. Kanskje har han eller ho brukt ei god gamal ordbok for alt eg veit.

Eg bestemte meg for å forske litt på Google Translator. Tenesta har betra seg enormt berre det siste året, og dei jobbar iherdig med å utvikle konseptet. Som omsettar trur eg faktisk dette kan bli eit nyttig verktøy for meg etterkvart. Men eg trur nok det vil vere bruk for oss rare filologar også i framtida. Prøv å omsette «Askeladden som kappåt med trollet» til eit språk du kan. Då skjønar du kva eg meiner, og får ein god lått på kjøpet.

Advertisements