Madrid skyline
Image via Wikipedia

Det fins så mange språklege nivå! Eg sluttar aldri å undre meg over dette med språk, og av og til er eg er nesten like entusiastisk når det gjeld språk som Jostein Gaarder er når han snakkar om filosofi og kvantefysikk. Viss ein er litt vaken og merksam kjem ein opp i utruleg mange festlige språklege situasjonar sånn til dagleg.

Folk frå Madrid er kjende for å vere både «castizos» og «chulos». Ifølgje ordboka (den vesle blå) er castizo eit adjektiv som tyder «av ren avstamning, ren, ekte, fullblods- (også overført); (overført) vaskeekte.» Chulo er ifølgje same vesle blå ordbok: «1 adj. sjarmerende, morsom, vittig; freidig, frimodig, frekk; stilig, flott, fin; un sombrero ~ en sveisen hatt;
2 m mann fra det brede lag med en frekk, freidig opptreden; medhjelper ved tyrefektning; (populært) hallik.»

Eg har ofte treft på castiz@s og chul@s (diverre ikkje så ofte i tydinga «medhjelper ved tyrefekting», sjølv om ein kanskje skulle tru det når ein er i det meir sydlege Europa). På grønsaksmarknaden til dømes. Dei er både menn og kvinner, ofte litt opp i åra. Eit av kjenneteikna er at dei kallar deg (les: kunden): cariño (elskling), tesoro (skatt), himmel (cielo) eller guapa (vakker kvinne). Dei invaderer altså kunden sin private sfære totalt. Dette kan vere litt vanskeleg å takle for oss trauste nordmenn, men det har no sin sjarm.

-Qué te pongo hoy, cariño? (Kva skal det vere i dag, elskling?)

-Øhhhm, fire Golden Smith-epler, takk! Og to avokadoar.

-Enseguida, cielo! (Straks, «himmel»!)

For litt sidan var eg hjå den nye frisøren min, ei relativt ung, überkul og særs vaskeekte dame, med rastafletter, piercing i underleppa, mørk, nesten sexy stemme. Frå dag ein har me vore svært så nære, det er kyss og klem og «elskling, kva skal me gjere i dag? Vaske, føne, stusse litt? Kjempegreier det, skatten min.»

Å gå til frisør eller på grønsaksmarknaden er ein av dei mest lærerike aktivitetar ein omsettar kan halde på med, om han er interessert i språklege nivå og mellommenneskleg samkvem.

Advertisements