Viktig spørsmål! Takk for at du tek det opp, Susan Johnson. Eg tilrår Susan sitt innlegg på bloggen liktogulikt.com. Bli med i avstemminga. For meg er det sjølvsagt at me treng humanistar. Men kvifor er det stort sett humanistar som meiner me treng oss sjølve? Kvifor blir me sett på som litt «aparte», som driv på med kosefag og knapt har «skikkelige» jobbar ein gong? Er det vår eigen feil? Har me ikkje profilert oss godt nok? Kor mange økonomar føler dei må ta filosofi eller master i russisk språk og kultur for å «bøte på» manglande interkulturell kompetanse? Dette er ein viktig diskusjon, særleg no når humanistiske fag blir lagt ned over ein låg sko ved norske (og internasjonale) universitet…

Advertisements