Den argentinske journalisten Leila Guerriero vil røske opp i gjengse oppfatningar. Ei historie er ikkje god berre fordi ho er tragisk. Alle rikingar er ikkje overflatiske. Og alt skjer ikkje i hovudstaden.

– Eg skriv for å gjere usynlege historier synlege, fortelje dei, dele det eg tykkjer er vedunderleg, forakteleg eller som eg vert uroa av, og eg vil at lesaren skal bli gripen og ha same gleda av teksten som når han eller ho les skjønnlitteratur, seier Leila Guerriero.

Guerriero, som blir rekna som ein av dei største forteljande journalistane i Latin-Amerika, er i Bergen, der ho deltek på Sakprosafestivalen Verden i Bergen 28.11.15

(Saka vart publisert i Dag og Tid 27.11.2015)

Dag og Tid_intervju

Advertisements