Søk

Bente Teigen Gundersen

Text & Translation

Kategori

Andalucía

Ben(d)ito Zambrano

Den andalusiske filmregissøren Benito Zambrano skildrar kvinnene sine kår før og no på ein briljant og særleg rørande måte.  La voz dormida (“den sovande stemma”), den siste filmen hans som bygger på romanen med same namn som blei skriven av Dulce Chacón (2002), skildrar skjebnen til mange republikanske kvinner etter den spanske borgarkrigen. Tandert, vakkert, respektfullt og grusomt på same tid.

Her er ein smakebit. Håpar verkeleg filmen blir vist i Noreg!

Heilt i stampe

Språkvitskapen utviklar seg i ein rasande fart om tida, og dette gjeld blant anna maskinoversetting. Eg sporer ei viss redsle for yrkesframtida til omsettarane når eg les bloggar og innlegg på diverse nettstader. I dag kan jo kven som helst vere omsettar med litt skuletysk i bakhovudet, ein liten laptop på fanget og eit trådlaust nettverk; for me har jo revolusjonære Google Translator, no også som applikasjon til iPhone, iPad og iPod Touch! The Future is Now.

Det er så mangt ein kan bruke fritida si på. Nokon joggar, andre drikk øl. Andre igjen pussar opp heimen, ser på ski-VM eller reiser på hytta. Språkleik er muligens undervurdert som fritidssyssel, men du verda så kjekt det er!

På eit horehus (bordell, sauna, whiskybar, club -kjært barn har mange namn, særleg på spansk) like ved sida av stamrestauranten vår i middelhavsbyen kor svigerfar har sommarhus fryda eg meg over dette skiltet på spansk, mens eg kosa meg med ein herleg lunsj med frityrsteikt akkar, kvitløksmarinerte kongereker, blekksprut med paprikasaus og eit iskaldt glas kvitvin:

Llamar al timbre (ring på dørklokka). Greit nok det! Men bordellet hadde òg ei engelsktalande målgruppe såg det ut til, og hadde difor omsett skiltet til engelsk: To call stamp (sic!) No veit eg ikkje om eg kan halde Google Translator ansvarleg for denne merkverdige språkkombinasjonen. Det kan òg vere ein språkmektig medarbeidar som står bak omsettinga. Kanskje har han eller ho brukt ei god gamal ordbok for alt eg veit.

Eg bestemte meg for å forske litt på Google Translator. Tenesta har betra seg enormt berre det siste året, og dei jobbar iherdig med å utvikle konseptet. Som omsettar trur eg faktisk dette kan bli eit nyttig verktøy for meg etterkvart. Men eg trur nok det vil vere bruk for oss rare filologar også i framtida. Prøv å omsette «Askeladden som kappåt med trollet» til eit språk du kan. Då skjønar du kva eg meiner, og får ein god lått på kjøpet.

Mauraren sitt siste sukk

Andalucía eller Al-Andalus, som maurerane døypte området på den iberiske halvøya dei styrte frå 711 til 1492, er den sydlegaste regionen i Spania. For tida også kjent som Obamaland etter at Michelle Obama og vesle Sasha ferierte her før dei reiste videre til Mallorca og Martha´s Vineyard. For nordmenn er området vel kanskje mest kjent som Solkysten eller ein stad i “Syden” med lange strender, flamencoshow og billig alkohol. Mange har kanskje høyrt om eller til og med besøkt vidunderlege monument frå den muslimske epoken i Spania som moskéen i Córdoba. Andre har kanskje tatt bilde av kona i den gilde løvepatioen i Alhambra, Granada.

 

Atlas sett frå Europa
Atlas sett frå Europa

 

Det er her sola bur. I dag er det så klart i vêret at eg kan sjå Atlasfjella frå feriealtanen min sør for Málaga. Det får meg til å tenke på maurerane og muslimane i Andalucía (og resten av verda) før og no. Gibraltarstredet er inngangsdøra til Europa frå heile det afrikanske kontinentet. På dagar som denne kan du stå på ei strand i Nord-Afrika og sjå over til Europa, the Promised Land, på same vis som eg ser Atlasfjella no. Kvar dag ser me i nyheitene på fjernsynet at politiet har tatt opp til fleire småbåtar (pateras) med flykningar frå sør for Sahara. I kvar båt er det gravide kvinner, barn, unge og gamle. Alle er dehydrerte då dei blir tekne og sendt attende så snart som mulig. Ingen, særleg ikkje muslimar, skal få komme inn i Festung Europa.

Han kunne gjerne gråte Boabdil, den siste sultanen av Nasrid-dynastiet, då han måtte forlate Granada etter at det katolske kongeparet Isabel og Ferdinand gjenerobra byen i 1492. Legenda fortel at mor hans, den navngjetne Fátima, sa då ho såg tårene hans: “Gråt som ei kvinne for det du ikkje kunne forsvare som mann.”

Dette var mauraren sitt siste sukk*.

*Tittel på Salman Rushdies roman The Moor´s Last Sigh.

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.

Opp ↑

%d bloggarar likar dette: