Søk

Bente Teigen Gundersen

Text & Translation

Kategori

Feminisme

Erotisk Venstreparti

Erotisk Venstreparti.

Erotisk Venstreparti

Gioconda Belli (Nicaragua, 1948) er stor som poet, revolusjonær og kvinne. Ho har vore ein del av mitt liv i mange år no. Eg vart først fasinert då eg leste det erotiske diktet hennar “La doliente soledad del domingo” på 90-talet då eg studerte latinamerikansk litteratur. Etter det har eg lese det meste ho har gjeve ut. romanen Una mujer habitada og det biografiske verket El país bajo mi piel ligg alltid på nattbordet mitt. Forfattarskapen til Gioconda Belli er ei sæl blanding av erotikk, feminisme, revolusjon og kjærleik til vulkanane i Nicaragua. Gioconda Belli var sjølv sandinist og hadde ein viktig stilling under Sandinistrevolusjonen i Nicaragua. Ho har skrive fleire romanar, gjeve ut diverse lyrikksamlingar, og er ein aktiv samfunnsdebattant og bloggar.

Hennar bakgrunn som aktiv revolusjonær samstundes med at ho var småbarnsmor var nok med på å utvikle hennar særeigne revolusjonære og erotiske morsmjølkfeminisme der “kvinnelege” eigenskapar ikkje objetiviserer kvinna, men gjev ho makt. Erotikk og morskap frigjer kvinna!

I sin nye roman El País de las Mujeres (Kvinnene sitt land) fabulerer ho omkring kvinner og makt. Her er eit fragment frå romanen som eg har omsett:

– Kva er ideen? La oss no sjå. Kvinnelege presidentar er ikkje noko nytt. Men det fins ingen kvinneleg makt. Korleis hadde det vore annleis? Eg ser for meg eit parti som vil gi  landet det ei mor gir barnet sitt, ta seg av det som ei kvinne tek seg av huset sitt; eit “moderleg” parti som viser fram kvinnelege eigenskapar som vanlegvis blir brukte mot oss, som naudsynte talent for å ta seg av eit mishandla land som dette.  I staden for å prøve å bevise at vi er like mykje til “menn” som mannfolk flest og difor i stand til å regjere, skal me heller framheve det kvinnelege. Dei eigenskapane kvinner som vil ha makt vanligvis må skjule som om dei var lyte.

Frå samtalane til Viviana Sansón og hennar partifeller i Erotisk Venstreparti.
Les meir om partiet i EL PAIS DE LAS MUJERES, Editorial Norma,
Gioconda Belli

Logo Partido de la Izquierda Erótica

Erotisk Venstreparti sitt manifest

Blogg Partido de la Izquierda Erótica

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.

Opp ↑

%d bloggarar likar dette: