Søk

Bente Teigen Gundersen

Text & Translation

Kategori

Latin-Amerika

Stemmer frå sør

monark

I had such a wonderful time translating these two wonderful and suggestive plays into Norwegian.

Advertisements

I klemmeboka

 

Det er alltid godt med ein klem. Av og til treng eg klemmar i ord. Då set eg meg ned med El libro de los abrazos av Eduardo Galeano.

Latin-Amerika har fostra fram mang ein stor tanke; magisk realisme, surrealisme og politisk «irrealisme». Forfattaren og skribenten Eduardo Galeano (Uruguay, 1940-2015) var uhorveleg intellektuell, men òg djupt menneskeleg. Ein særs uvanleg kombinasjon, synest eg. Han har skrive viktige dokument om kolonialisme og den vanvittige historia i Latin-Amerika (The Open Veins of Latin America, 1971 og Memory of Fire, 1986). Og han har eldhuga lagt ut om fotball (Football In Sun and Shadow, 1998).

Klemmeboka eller Omfamningsboka (El libro de los abrazos, 1989) er ei nydeleg lita, stor bok som gir klemmar gjennom ord. Ord og teikningar som omfamnar deg som lesar, men òg andre. Barnet som lengtar etter å bli omfamna av sin far, han som må ta avskjed med familien for å reise i eksil. Her er klemmar til så mange, til dei som ikkje er noko («ingenane», nulla, the nobodies, the no-ones), klemmar til verda, til minnet, til orda og til dei gamle forteljingane.

Klemmeboka ligg på nattbordet mitt saman med dikta til Gioconda Belli, hermesteva til Ivar Aasen og dagboka til Alejandra Pizarnik.

Fragment (klemmar) frå boka:

Verda

Ein mann frå landsbyen Neguá, på den kolombianske kysten, fekk komme til himmelen.
Då han kom ned att kunne han fortelje kva han hadde sett. Han sa han hadde sett menneska sitt liv der oppe i frå. Han såg eit flammehav.
Verda er eit flammehav, kunne han avsløre. Kvart menneske er ein lysande flamme.
Der er ikkje to like flammar. Flammane er både store og små. Dei er i alle fargar. Nokon er rolege og kjenner ikkje ein gong vinden. Andre er ville og sprø flammar, dei fyller lufta med glør. Det fins dumme flammar som verken lyser opp eller brenn; mens andre brenn med så stor stryke at ein ikkje kan sjå på dei utan å måtte å blunke med augo. Den som kjem nær dei tek fyr.

Eduardo Galeano, «El mundo», El libro de los abrazos
Gjendikta av Bente Teigen Gundersen

Ingenane (Dei som ikkje er)

Loppene drøymer om å kjøpe seg ein hund. Ingenane drøymer om å slutte å vere fattige, at lukka skal regne på dei ein magisk dag, at lukka skal pøse ned; men lukka regna ikkje i går, regnar ikkje i morgon, regnar aldri, lukka kjem ikkje ein gong ned frå himmelen som lett yr. Uansett kor mykje ingenane ropar på ho, sjølv om venstrehanda klør eller dei står opp med rett fot, eller byrjar året med ny feiekost.
Ingenane: barn av ingen, eigarar av ingenting.
Ingenane: dei som ikkje er, dei som er ingentinggjort, som spring rundt som harar, døyr livet, som er utnytta på det grovaste. Dei som ikkje er sjølv om dei er. Som ikkje snakkar språk, men dialektar. Som ikkje praktiserer religion, men overtru. Som ikkje utøver kunst, men handverk. Som ikkje praktiserer kultur, men folklore. Som ikkje er menneske, men mennesklege ressursar. Dei som ikkje har andlet, berre hender. Som ikkje har namn, berre er eit tal. Som ikkje fins i verdshistoria, men på krimsidene i den lokale avisa. Ingenane, som er mindre verd enn kula som drep dei.

Eduardo Galeano «Los nadies», El libro de los abrazos
Omsett til norsk av Bente Teigen Gundersen

Eduardo Galeano les los nadies

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.

Opp ↑

%d bloggarar likar dette: