Søk

Bente Teigen Gundersen

Text & Translation

Kategori

Poesi

Klin med meg, klin med meg lenge

Viss ord var rett og slett berre ord hadde dette med omsetting vore såre enkelt. Men ord er jo ikkje berre ord. Ord er aldri heilt nøytrale. Kvart einaste ord me brukar er farga av både det eine og det andre: ideologi, kultur, kjønn og heile pakken. Korleis er det i det heile teke mogeleg å omsette frå eit språk til eit anna? Ta musikk for eksempel. Eg er glad i flamenco, tango og boleros. Både musikken og teksten er ofte til å få gåsehud av. I alle fall på spansk. Dei lidenskapelege tekstane i flamenco, tango eller boleros blir ikkje alltid så vellukka på norsk -ikkje ein gong på nynorsk.

Første gong eg oppdaga dette var eg var saman med ei gruppe nordmenn på flamenco-session på La Soleá. Det sat ei ferm dame på ein stol med eit smertefullt uttrykk i andletet. Ho song. To musikarar flankerte dama, slo heftig på gitarstrengane og rynka panna i endelaus liding. Han eine nordmannen som var med oss var heilt fasinert.

– Kva er det dei syng om som er så vondt?

Det var første gong eg kom til å tenke over korleis flamencotekstar kan høyrast lett banale ut på norsk. Dama song tårevått med stor innleving og patos om ei hårklemme og ein kam ein forlaten mann fann i senga si etter elskerinna som reiste sin veg. Jau då, det kan vel vera tragisk nok det.

I den framifrå reiseskildringa frå Latin-Amerika, Sudamericana, skriv Kjartan Fløgstad om bolerosar («Disco Sauer»): «først er det ei plage. Ei sann plage. Så blir det ein vane. Musikk og muzak overalt og alltid. Til alle døgnets tider. Så blir det eit behov. Til slutt har du høyrt så mange boleros at du tar til å lura på om du er oppvaksen på ein tropisk bordell. Ikkje eit ord kan bli sagt, ikkje noko som helst kan bli gjort, utan ein smektande sentimental slager i bakgrunnen. Eller rettare sagt: Sentimentalitet heilt usentimentalt framført» (s. 152). Seinare i essayet gir Fløgstad oss eit sublimt døme på dette ved å omsette den verdskjente sangen Bésame, bésame mucho til norsk (sjekk òg versjonar av Elvis Presley og The Beatles på YouTube)

Klin med meg, klin med meg lenge
Som om i natt
Vil bli absolutt siste gang
Klin med meg, klin med meg lenge
Eg fryktar, eg fryktar
At avskilda vil bli lang (s. 153)

Korleis i all verda skal me omsette boleros, tango eller flamenco for å få ein nordmann til «å føle at han er oppvaksen på ein tropisk bordell», korleis kan me overføre alt som ligg i det (tilsynelatande) mest banale ord til eit anna språk? Ord er definitivt ikkje berre ord. Høyr på denne tradisjonelle tangoen «Soledad» framført av flamencosangaren «El Cigala», også kjent som Sjøkrepsen. Eg får gåsehud. Kanskje eg må jobbe litt meir med omsettinga til norsk for at du skal få dei store frysningane?

Einsemd
Det var ein kveld utan stjerner,
Då du gjekk din veg la du berre igjen sorg og elende
Einsemd
Frå den dagen du reiste
Er det berre ei klosterleg stille i landsbyen
Bekkane er tørre
I gatene er det tusen ekko som skrik etter deg utan stans
Einsemd
Kom attende no

Forlatne

Me tek på natta med hendene våre,
let mørket sile gjennom fingrane,
knar det som skinnet til eit svart
får.

Me har gjeve oss hen til likesæla,
til livstrøytta kor me samlar inn tomme timar,
dagar som går og kjem like att,
meiningslause,
utan spor, utan sol og sterke eksplosjonar av lys.

Me har gjeve oss smertefullt hen til einsemda,
men føler trongen etter kjærleik under neglene,
eit hòl som grev seg inn i brystet vårt,
i minnet og suset i eit sneglehus
som har vore for lenge i eit akvarium i ein by
og knapt har att gjenlyden av hav i skjell-labyrinten sin.

Korleis kan me få tida tilbake?

Kan me tvinge på ho kroppen si sterke lyst, på frykta,
og få ho til å trekke seg tilbake
på grunn av vår faste avgjerd?

Men…kven veit om me kan få tilbake augeblikket
me mista.

Ingen kan spå fortida
når me kanskje ikkje lenger er dei me var,
når me kanskje har gløymt
namnet på gata
der
me ein gong
kunne
møtast.

Basert på diktet “Abandonados” av Gioconda Belli (f. 1948), Nicaragua
Gjendikta frå spansk av Bente Teigen Gundersen

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.

Opp ↑

%d bloggarar likar dette: