Kvar morgon vaknar eg (takk og lov). Opnar augo. Skrur på radioen. Pepa Bueno er ein dyktig spansk journalist. Ho vekkjer oss kvar dag. Dei siste åra har ho vore sint. Ho kjem med den same bodskapen. Nesten kvar dag. Korrupsjon. Utkastingar. Troika. Arbeidsløyse. Vaklande børsar. Får vi ny regjering eller ikkje? Angela Merkel. Elende og elende. Og vêret. Heldigvis fortel Pepa om vêret. Håp. Vêret gir oss håp. Kanskje får vi ny regjering. Sommar med tropenetter. Håp.

Vinter. Sol. 15 grader midt på dagen i februar. Slett ikkje ein utopisk tanke. Men hin dagen var Pepa og redaksjonen hennar ein smule meir melodramatiske. Klokka 8.00. Eg vakna. Fritt etter minnet: «Una lengua de aire ártico lamerá nuestro país durante el fin de semana.»

Altså. «Ei tunge av arktisk kulde kjem til å slikke landet vårt i helga». Huff og huff. Og eg som ikkje har pels. Men sentralvarmen går på fullt.

Og så ler spanjolane seg ihel av oss nordmenn som forgår av sveittetokter dei to vestlandske tropenettene i året. Jo. Jo. Alt er relativt relativt. Det er jo det.

Les om særnorske talemåtar her: Lakenskrekk i tropenatta.

Les om ugler i mosen og kattar i sekken her

Vêrvarsel for komande periode i Madrid